Barneinstruktørkurs

Velkomen til barneinstruktørkurs

Noregs Ungdomslag inviterar til barneinstruktørkurs i folkedans på Voss helga 19.-20.november.
Hardingfela.no og Voss Ungdomslag er med som lokale samarbeidspartnarar.


Påmeldingsfrist for kurset er torsdag 27.oktober kl. 23:59. (Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida).


Om kurset:

Barneinstruktørkurset er eit kurs for deg som ønskjer å undervise barn og unge i folkedans. Kurset vil ha fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn i tillegg til at du vil få eit innblikk i korleis du kan arbeide med rytmar med barn. Gjennom helga vil kurset gå inn på didaktikk og metodikk i arbeid med dans for barn. Kurset vil òg ta føre seg instruktørrolla, kva som kan motivere deg som instruktør, korleis ein kan samarbeide med andre og ikkje minst korleis ein kan motivere barn til å halde fram med å danse. For utfyllande informasjon, sjå brosjyre for instruktørkurs (vedlegg). 

Læringsmål: 

  • Deltakarane skal læra eit repertoar av gode dansar og danseleikar for barn 
  • Deltakarane skal læra om korleis ein arbeider didaktisk med barn.
  • Deltakarane skal læra om gruppeleiing for barn 


Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Anna Liv Skjelten Gjendem, fødd 1988. Ho har utdanning innan folkemusikk og folkedans med ein master i Tradisjonskunst. Anna har jobba som utøvande dansar og var frå 2013 dagleg leiar ved Stiftinga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, som i dag er ein del av Stiftinga Viti. Ho er genuint oppteken av dansetrasdisjonane i Møre og Romsdal, og jobber aktivt for å formidle desse. Som instruktør har Anna brei erfaring i å halde øving og dansekurs for barn og ungdom, og sitt på ei stor pedagogisk verktøykasse som ho ser fram til å dele med kursdeltakarane.

Som musikar på kurset har vi fått med oss felespelar Britt Elise Skram.
Britt Elise er utdanna folkemusikar frå Norges Musikkhøgskole, med fele som hovedinstrument. Repertoaret er stort sett frå Møre og Romsdal. Ho jobber i Vestnes kulturskule, pluss at ho er aktiv som soloutøvar og i ulike band som Vangsgutane, Særsvip og Spelemannslaget Dåm og Drag. 


Målgruppe: 
Dette kurset er for deg som anten underviser eller har planar om å starte opp danseundervisning for barn. Både erfarne og nybyrjarar kan delta på kurset då noko av målsetjinga for kurset er å få erfaringsutveksling mellom nye og dei som har undervist ei stund. Nedre aldersgrense 13 år. Inga øvre aldersgrense.


Kurstider:

19.-20.november på Voss:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 09:30-14:30

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Voss Ungdomshall
Uttrågata 18
5700 Voss

Prisar:

Kurspris inkl. lunsj begge dagar: 400,-
Tilleggspris for ikkje-medlemmer i NU: 500,-

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på rita@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.


Betaling:

Dersom du vil få tilsendt faktura for kostnadane bruker du kampanjekodefeltet og skriv inn koden "barneinstruktør". Fyll også ut kven som skal motta faktura i påmeldingsskjemaet med feltet nedst i skjema.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via deltager.no. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 3.november kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje refundert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til rita@ungdomslag.no 


Smittevern:

Vi vil sjølvsagt følge med på eventuelle smittevernregler og tilpasse oss dette slik at det blir eit trygt kurs å delta på. Er du usikker på noko må du gjerne ta kontakt med oss så vi kan legge til rette for dine behov.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
Gateadresse
 *
Postnr. og poststad
 *
E-postadresse
 *
Mobil
 *
Fødselsår
 *
Kva danse- og/eller instruktørerfaring har du frå tidlegare?
 *
Kva forventningar har du til kurset?
 *
Er du medlem i Noregs Ungdomslag?
 *
For ikkje-medlemer kjem det ein ekstra kostnad på 500,- for kurset. Ynskjer du å bli medlem i NU, ta kontakt på rita@ungdomslag.no.
Velg kurspris
 *
Har du allergi eller behov for tilrettelegging?
Ønskjer du overnatting?
 *
I samband med kurset kan vi tilby overnatting på Ole Bull Akademiet. Dei kan tilby tomannsrom, trippelrom (3 stk). og nokre enkelttrom. Overnattinga er inkludert frukost + ev. nistepakke. Akademiet har avgrensa med rom og det er førstemann til mølla.
Ved overnatting: Har du eventuelt ønskje om kven du vil dele rom med?
Ønskjer du middag?
 *
I samarbeid med Ringheim kafé/Tre kokker på Voss kan vi tilby middag fredag og laurdag. Denne blir servert på Ole Bull Akademiet. Fredag: Kyllinggryte m/salat, ris og brød. Laurdag: Lasagne m/salat og brød. Det blir tatt omsyn til allergiar/diettbehov.
Fotoløyve
 *
Eg stadfester med dette at NU får ta og publisere bilete/video av meg i samband med marknadsføring av kurs og organisasjonen.
Eg godkjenner at NU kan kontakte meg med informasjon om liknande arrangement i framtida
 *
Ynskjer du å betale med kort eller få tilsendt faktura?
 *
Dersom du ynskjer å få tilsendt faktura er det viktig at du benytter feltet for Kampanjekode nedst på denne sida. bruk koden "barneinstruktør".
Kampanjekode
 
 *