Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal 2023

Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert arrangert på Scandic Parken i Ålesund  14.-15.november 2023

Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. 

Fagleg innhald 

Omgrepet berekraft karakteriserer økonomiske, sosiale, institusjonelle og miljømessige sider ved menneskelege samfunn. Berekrafta blir manifestert gjennom å finne balansen mellom økonomisk vekst, sosial utvikling og miljøvern. Berekraft handlar om mykje meir enn å sortere søppel, det handlar om å ta ansvar for livsstilen vår no og  sikre at vi ikkje øydelegg for framtidige generasjonar.  

Målet med konferansen er å få fram kva berekraft tyder, kvifor berekraft er sentralt i barnehagen og korleis personalet kan bidra til at barn får erfaring med og medvit om berekraftig utvikling. Barnehagelærar er avgjerande i dette arbeidet og må difor ha relevant kunnskap og kompetanse for berekraftig utvikling.  

Ifølgje barnehagen sitt samfunnsmandat skal barnehagen bygge på grunnleggande verdiar som respekt for menneskeverdet og naturen, og barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen, og barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for eit berekraftig samfunn. 

Program og informasjon

Program og utfyllande informasjon finn du her: https://www.barnehagekonferansen.com/

Målgruppe

Pedagogisk personale i barnehagane, barnhageansvarlege på kommunenivå, tilsette i PPT og høgskuletilsette. 

Økonomi

Oversikt over prisar finn du i høgremenyen.
Konferanseavgifta på kr. 1000.- er inkludert i prisen.
Arrangøren inviterer til felles 3-rettars middag på Scandic Parken 14. november kl. 20.00. Middagen er inkludert i heilpensjon. Ikkje-buande som ønskjer å delta på middagen er hjarteleg velkomen. Du vel alternativ ved påmelding.

Alle utgifter for konferansen betalast online ved påmelding (vipps eller kreditkort) eller med faktura.

Påmelding
Det er ny bindande påmeldingsfrist innan 30.09.2023.
 
Påmeldingsskjema finn du lenger nede på sida.
Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til Elisabeth Welle på epost: [email protected] eller på telefon 70075450 

Stadfesting
Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. 

Sjekk om du har fylt ut alle felt, og riktig e-postadresse. 


 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon