Bjørn West-marsjen 2022


Bjørn West-marsjen 2022

Søndag 21. august går den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen for 40. gang. Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh til minne om motstandsgruppa Bjørn West som heldt til i Masfjordfjella siste del av krigen. Du kan velge mellom kort og lang løype. Hugs å kle deg etter været!


Vi ynskjer at flest mogeleg melder seg på på førehand, fristen er fredag 19. august kl. 23.00. 
Det kjem til å bli høve til å melde seg på sjølve dagen med betaling via vipps.

Pris påmelding: kr 300,- for vaksne og kr 100,- for born (født etter 2006) som inkluderer naudsynt busstransport og premiering.

Lang: Bjørn West-marsjen Lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl. 07.00 og 09.30 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove.

Kort: Bjørn West-marsjen Kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl. 10.30 og 12.00 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.

Minnetale: Ved Stordalen Fjellstove vert det konsert og friluftsgudteneste - start kl. 14.30.
Kl. 16.00 er det minnesermoni over dei falne i Bjørn West.


Kvar: Matre i Masfjorden ca. 1 t nord for Bergen. Parkering ved Matre skule, Matre. Muligheit for å nytte ekspressbuss frå Bergen kl. 08.00. Stordalen ligg i Stølsheimen, 20 min fra Matre.

Meir info finn du på: 

www.bjornwest.no 

https://www.facebook.com/bjornwestmarsjen 

 

Registreringsskjema

Etternavn
 *
Fornavn
 *
E-postadresse
 *
Klasse/kategori
 *
Mobil
 *
 *