Bjørn West-marsjen 2021


Bjørn West-marsjen 2021

Søndag 22. august går den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen for 39. gang. Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh til minne om motstandsgruppa Bjørn West som heldt til i Masfjordfjella siste del av krigen. Du kan velge mellom kort og lang løype.

Det er enno restriksjonar på tal deltakarar på grunn av coronaviruset, og alle må melde seg på på førehand. Det kan bli endringar i tal deltakarar etterkvart. Dersom du får akutte symptom på luftvegsinfeksjon, kan du ikkje delta. Hugs å halde 1 meter avstand til andre som du ikkje går saman med, og følg gjeldande nasjonale tiltak.


Påmeldingsfristen er laurdag 21. august kl. 15.00.

Pris påmelding: kr 300,- for vaksne og kr 100,- for born (født etter 2005) som inkluderer naudsynt busstransport og premiering.

Lang: Bjørn West-marsjen Lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl 07.00 og 09.30 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove. På denne turen kan det gå maks 200 personar.

Kort: Bjørn West-marsjen Kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl 10.30 og 12.00 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove. På denne turen kan det gå maks 200 personar.

Program ved Stordalen Fjellstove: 

14.30      Konsert m/Frode Skag Storheim og medspelarar

15.15      Friluftsgudsteneste v/Torbjørn Sæle

16.00      Minneseremoni v/


Kvar: Matre i Masfjorden ca 1 t nord for Bergen. Parkering ved Matre skule, Matre. Muligheit for å nytte ekspressbuss frå Bergen kl. 08.00. Stordalen ligg i Stølsheimen, 20 min fra Matre.

Meir info finn du på: 

www.bjornwest.no 

https://www.facebook.com/bjornwestmarsjen 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon