Friluftsleir for ungdom - Leiren vert utsett eller endra pga smittevernsreglar

Friluftsleir 4.-6. juni på Nesholmen i Hyen.  For ungdom i alderen 11 - 15 år, ope for både medlemer og andre.
Påmeldingsfrist 01.05.2021. Maks 75 deltakarar. NB! Leiren blir som oftast fullbooka med venteliste, så ver tidleg ute. 

Deltakaravgift kr 500 for medlemer i NJFF / Fiskeklubben. Kr. 900 for ikkje-medlemer. 

Arrangørar: Gloppen jfl, Hyen jfl, Førde jfl og NJFF Sogn og Fjordane 


På leiren er det valfrie aktivitetar som skyting, fellefangst, fiske, garnfiske, matlaging over bål, kanopadling, bading, leirliv og bålkos med meir. Du blir med på det du vil. Laurdag vert delt i tre grupper; skytegruppa reiser til Aa-bakkane for skyting med hagle, rifle og salong. Fiskegruppa er att på Nesholmen og fiskar, bitter fluger, kastar med flugestong, får opplæring i fiske etc. Laksefiskegruppa reiser til Ommedalselva og får prøve seg på laksefiske. Laksefiskegruppa har aldersgrense, du må fylle 14 år i 2020 eller vere eldre for å vere med her. 

Utstyr du må ha for å kunne vere med på leiren: Sovepose, liggeunderlag og kle.
Du kan ta med eige fisketutstyr om du vil, veldig viktig at du aldri legg fiskestenger på bakken, her er mange deltakarar og fort gjort å trakke på det som ligg på bakken.
Vi lånar ut fiskeutstyr og anna utstyr til aktivitetane. 

Program og informasjonsbrev: https://www.njff.no/fylkeslag/sognogfjordane/Sider/fylkesleir-.aspx?menuid=9
NB! Det kan blir små justeringar forleiren i 2021.


Dersom du ikkje er medlem og ynskjer å få medlemsrabatt, kan du melde deg inn i NJFF her:

https://minside.njff.no/portal/forms

Eit barne- og ungdomsmedlemskap i eit lokallag kostar ofte rundt 200,- (litt ulikt frå lokallag til lokallag) 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon