Instruktørkurs: Fordjuping i pardans (Skjetten)

Velkomen til instruktørkurs med fordjuping i pardans 18.-19. januar 2020 i Skjetten


Påmeldingsfrist fredag 3. januar innan kl. 23:59. (Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida)


I samarbeid med Eidsiva fylkeslag, Bygdelagssamskipnaden og SAFFA skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs med fordjuping i pardans i Skjetten helga 18.-19. januar 2020.
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med SAFFA-kurset. Meir om SAFFA sitt kurstilbod kan du lese her: www.saffa.no.

Om kurset:

Pardansen er utan tvil den største delen av den norske folkedanstradisjonen. Det finnes variantar over heile landet, og nær sagt kvar ei grend og kvar bestemor har satt sitt særpreg på denne dansen. På kurset vil me jobbe med å få pardansen til å fungere godt for kvar enkelt, og få det til å bli bra å danse med nær sagt kven som helst. Korleis skal min balanse vere, korleis skal vår balanse vere? Korleis held me godt, og korleis hjelper me kvarandre rundt og frem. Vegar har lang erfaring i å undervise i pardans, og det vert god tid til å lære tips og triks. Her er det ikkje berre å undervise born som er i fokus, men heile aldersspennet skal me diskutere og prøve oss på. Er det noko du lurer på kring pardans og instruksjon - ta med spørsmålet til Olavsgaard - og Vegar skal svare så godt han kan. 


Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Vegar Vårdal. Vegar er ein allsidig folkedansar og -musikar. Han er ein av dei fremste pedagogane i landet og har halde ei rekkje kurs for Noregs Ungdomslag. Han er og fagleg ansvarleg for vidareutdanningskurset ”Norsk folkeleg dans”. Vegar har eit engasjement som smittar og er god på å gje individuelle tilbakemeldingar som kan hjelpa deg til å bli ein endå betre dansar og meir bevisst på din eigen dans.

Musikar på kurset vert Patrik Andersson.


Målgruppe: 
Kurset er for deg som har dansa ein del eller mykje og vil bli eller allereie er instruktør.

Kurstider:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 10:00-15:00

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Quality Hotel Olavsgaard, Hvamstubben 11, 2013 Skjetten.

Prisar:

Kurspris: 900,- (ikkje-medlemer i NU betaler 500 i tillegg til dette)
Middag laurdag: 199,-
Enkeltrom lør-sun 995
Dobbeltrom lør-sun 598 (per pers)
3-mannsrom lør-sun 465 (per pers)
4-mannsrom lør-sun 399 (per pers)
Enkeltrom fre-sun 2128
Dobbeltrom fre-sun 1195 (per pers)
3-mannsrom fre-sun 930 (per pers)
4-mannsrom fre-sun 798 (per pers)


Lunsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via www.deltager.no/instruktorkurs_fordjuping_pardans. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er fredag 3. januar kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon