Kurs for ergoterapeutar: Motiverande intervju

Motivarande intervju er ein målretta og klientsentrert samtaleform som blir brukt når ein ønsker å utforske og styrke pasienten/klienten sin indre motivasjon for endring. Fleire av ergoterapeutane på Haukeland universitetsjukehus har vidareutdanning i motiverande intervju og har god erfaring med at dette er ein nyttig samtaleteknikk i møte med pasientar.

Tom Barth er spesialist i klinisk psykologi og har lang erfaring med å bruke motiverande intervju. Barth er i ferd med å trappe ned på sin yrkeskarriere. Me blei derfor veldig glade då han takka ja til vår invitasjon om å halde eit dagskurs i motiverande intervju. Grip denne sjansen til å få med deg eit bra og matnyttig kurs.

Kurset er godkjent av Norsk Ergoterapeutforbund med 6 timar som ergoterapispesifikt og spesialspesifikt kurs meritterande til ergoterapispesialist i Allmennhelse, Somatisk helse og Folkehelse.

Praktisk informasjon
Startdato: 03.10.2019 kl. 09:00
Sluttdato: 03.10.2019 kl. 15:45
Påmeldingsfrist: 01.10.2019 kl. 15:00

Sted:
Kurs- og konferansesenteret i Bikuben, Haukeland universitetssjukehus

Legg til i kalender
Kontaktinformasjon:
Ruth Else Mehl Eide, Espen Valle, Eline Aase Kordt
Telefon: 55 97 50 06 / 55 97 62 96
ruth.else.mehl.eide@helse-bergen.no;espen.valle...
Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon