Treningssamling lengre løp Sandane
BAKGRUNN
Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer forfriidrettssatsing i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer å gjennomføre samlingar innanfor løp, hopp, kast og kappgang i 2018.
Det vil bli gjennomført eigne samlingar innanfor dei ulike greinene/øvingane, men også fleire felles samlingar på tvers av alle øvingane. Denne påmeldinga gjeld berre for krinstiltaket i Svelgen laurdag 21. april.
MÅLGRUPPE:
Gutar og jenter født 2005 (13 år) og eldre.
TRENARAR:
Eivind Øygard
SAMLINGSPROGRAM 14. - 15. APRIL
Laurdag 14. april
Kl 12.00: Oppmøte og informasjon
Kl 12:15 – 14:00: Økt 1: Oppvarming, kortintervall. Nokre bevegelsesøvingar.
Kl 17:00 – 18:30: Økt 2: Oppvarming, styrke og hurtighet.
Sosialt samvær
Søndag 15. april
Kl 09.00: Økt 1: Pre warm up og stigningsløp.
Kl 15.00: Økt 2: KM terrengløp Sandane
OVERNATTING:
Vi har booka overnatting på Gloppen Camping, to soverom med fire plassar i kvar hytte. Eivind Øygard blir der heile helga og overnattar i ei av hyttene. I hyttene til utøvarane skal det vere ein føresett/klubbleiar f.o.m 15 år og yngre. Utøvarar f.o.m 16 år klarar seg sjølve i hyttene. Campingplassen er overvaka av Norsk Vakt Byrå (NVB) som har fast vaktrute nattestid.
MAT:
Utøvarane ordnar mat sjølve. Felles middag laurdag kveld.
PRIS:
Treningsavgift på 150,- kr. Overnatting på 200,- kr. Har du ikkje høve til å vere med grunna sjukdom etc, vil du få refundert avgifta.
MEIR INFORMASJON:
Sjå www.sffik.no