Treningssamling stav/hekk/løp Svelgen
BAKGRUNN
Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer forfriidrettssatsing i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer å gjennomføre samlingar innanfor løp, hopp, kast og kappgang i 2018.
Det vil bli gjennomført eigne samlingar innanfor dei ulike greinene/øvingane, men også fleire felles samlingar på tvers av alle øvingane. Denne påmeldinga gjeld berre for krinstiltaket i Svelgen laurdag 21. april.
MÅLGRUPPE:
Gutar og jenter født 2005 (13 år) og eldre. Klubbtrenarar er velkomne til å følgje treningsøktene.
TRENARAR:
Tor-Inge Øvrebotten Myrhol (stav), Dag Ove Flatjord (hekk/sprint), Vincent Førde (Lengre løp).
PROGRAM 21. APRIL
Kl 12:00 – 12:15 Informasjon
Kl.12:15 – 12:30 Felles generell oppvarming.
Kl 12:30 – 13:45 Økt 1. Ein kan her velje mellom stav, hekk/sprint eller lengre løp.
Kl 13:45 – 14:45 Felles lunsj. Ta med eiga nistepakke.
Kl 14:45 – 15:00 Felles generell oppvarming.
Kl.15:00 – 16:15 Økt 2. Ein kan velge om ein vil ha stav, hekk/sprint eller lengre løp.
Kl 16:15 – 16:30 Oppsummering/Avslutning.
Vi oppmodar deltakarane til å velgje to ulike treningsøkter. Vi deler inn gruppene i høve kjønn og alder, så rekkefølgen på dine valg på dei to øktene kan bli endra om du vel to ulike øvingar.
PRIS:
Treningsavgift på 150,- kr. Har du ikkje høve til å vere med grunna sjukdom etc, vil du få refundert treningsavgifta.
MEIR INFORMASJON:
Sjå www.sffik.no