Dialogmøte om utviklingsplan HMR HF

Dialogmøtet 19.januar 2018 arrangerast med bakgrunn i utviklingsplanarbeidet for Helse Møre og Romsdal HF.
Justert utkast utviklingsplan etter offentleg høyring, leggast fram for styret i Helse Møre og Romsdal HF 21. februar. 

Nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal (SNR) er ein vesentleg del av utviklingsplanarbeidet for helseføretaket. Med bakgrunn i behov for kommunal medverknad i høve til planlegging av SNR , vert SNR-prosjektet også ein del av tema for dialogmøtet. 

Målgruppe: Politisk-, administrativ- og fagleiing  i kommunane, styret, administrativ- og fagleiing i helseføretaket. Relevant fagpersonell i kommunane og helseføretaket.
KS, Fylkeskommunen og Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal HF. Utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal.
Tillitsvalde og verneteneste.

Mål: Informasjonsutveksling, dialog og forankring av utviklingsplanen inklusiv SNR.  

Dialogmøtet vert arrangert på Quality Hotel Grand Kristiansund og det vert bestilt dagpakkar til alle deltakarane.
Arrangementet har inga kursavgift og inkluderer lunsj. 

Program
Programmet er utarbeida i samarbeid med SNR-prosjektet. Styringsgruppa for utviklingsplan HMR godkjente programmet i møte 19. desember. For å sikre medverknad frå kommunane og brukarar, har det vore til høyring i Overordna samhandlingsutval og Brukarutvalet i HMR. Det kan kome mindre justeringar i programmet. 

Program del 1 - Utviklingsplan

10.00 - 10.10  Velkomen v/ Petter Bjørdal, nestleiar i Overordna samhandlingsutval og Espen Remme, adm.dir HMR
10.10 – 11.00 Orientering om utviklingsplanarbeidet, høyringsprosess og justeringar i plan v/ leiing HMR
11.00 – 11.15 Spørsmål og innspel
11.15 – 11.30 Eventuelle overføringar til kommunane av ikkje-finansierte tenester i samband med dei  økonomiske utfordringane i Helse Møre og Romsdal v/Espen Remme, adm.dir HMR og Maritta Ohrstrand, nestleiar styret KS Møre og Romsdal
11.30 – 12.30 Diskusjon 

12.30– 13.15 Lunsj

Program del 2 – SNR

13.15 – 13.45 Status og framdrift SNR v/ Ketil Gaupset, prosjektsjef  SNR
13.45 – 14.15 Utviklinga av DMS Kristiansund v/ Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund kommune
- organisering av arbeidet
- moglegheitsrommet
14.15 -  14.45 Diskusjon
14.45 – 15.00 Oppsummering og avslutning v/Petter Bjørdal, nestleiar Overordna samhandlingsutval og Espen Remme, adm.dir 



Viktig beskjed om avmelding:

For å sikre eit rett tal på dagpakkar, er det viktig at du gir beskjed dersom du likevel ikkje kan delta. Avmelding skjer ved e-post til kontaktperson Lena.Bjorge.Waage@helse-mr.no 

Overnatting:

Ved behov for overnatting, ta kontakt med hotellet på telefon 71 57 13 00.
Vis til dialogmøtet ved booking. Ein må sjølv dekke kostnad knytt til overnatting.  


Påmelding på skjema under:

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon