Nynorskkonferansen 2019

Velkomen til Nynorskkonferansen 19.–20. november på Hamar.

Nynorsksenteret inviterer lærarar, lærarutdannarar og alle andre som er opptekne av god norskopplæring, til nasjonal konferanse 19.–20. november. Staden er Hamar, i Høgskulen i Innlandet sine lokale.

Nye læreplanar for alle fag kjem i haust. Frå hausten 2020 skal dei takast i bruk på alle klassetrinn. Fagfornyinga vil derfor setje sitt preg på skuleåret 2019/2020. Vår konferanse er eit tilbod som går rett inn i denne prosessen. Vi vonar mange er interesserte i å få oppdatert kunnskap om norskfaget i fagfornyinga. Sentrale stikkord er skriving, lesing, nynorsk og vurdering. 

Hovudinnleiarane den første dagen er Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Christian B. Bjerke, leiar i fagplangruppa. Kåre Kverndokken, dosent i norskdidaktikk, vil fortelje om korleis ein kan arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene på ungdomstrinnet og vidaregåande. Andre dagen blir det innlegg ved Siv Måseidvåg Gamlem, medlem av Utdanningsdirektoratet si ekspertgruppe om vurdering.  Språkvitar og forfattar Kristin Fridtun avsluttar konferansen med foredraget Det norske språkmangfaldet: Ein lapskaus, eit villnis eller ein god gin og tonic?

I tillegg blir det fleire parallellsesjonar med ulike perspektiv. Det vil bli seminar både om sidemåls- og hovudmålsopplæring og for ulike klassetrinn. Det vil også vere ein eigen sesjon for lærarutdannarar.

Ein kveld med Tore Renberg
Tysdag 19. november klokka 20.00 kan du få oppleve «Ein kveld med Tore Renberg» på Hamar kulturhus. I den særeigne framsyninga blandar vår tids mest lesne rogalending sjangrane litteratur, teater, musikk og standup. For dei som deltek på Nynorskkonferansen, kostar det berre 170 kroner ekstra å delta på kveldsarrangementet med Tore Renberg. (Ordinær billettpris er kr 325,–)

Festmiddag
Tysdag 19. november klokka 17.30 til ca. 19.30 er det høve til å melde seg på ein 3-rettars festmiddag ved Clarion hotel Astoria. Prisen per person er kr 445,–, som du betalar direkte til hotellet.

Overnatting
Clarion hotel Astoria er vårt konferansehotell. Konferansedeltakarane betalar sjølve ved utsjekk.

Overnatting i enkeltrom per natt: kr 1040,–
Overnatting i dobbeltrom per natt: kr 1240,– (kr 620,– per person i dobbeltrom)

Merk! Viss du har tinga rom, men vil avbestille det, må du gjere det seinast sju dagar før. Elles vil rommet verte fakturert. 

Påmeldingsfrist: 15. oktober 2019

Betaling
Vi ønskjer at dei som kan det, bruker betalingsløysinga til deltager.no.
Viss du eller din arbeidsplass vil ha faktura, kan vi ordne det. Send då e-post til: ingvild@nynorsksenteret.no. for nærare avtale.


Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Gjenta e-post
 *
Klasse/kategori
 *
Mobil
Arbeidsstad
Ønskjer du overnatting?
Ønskjer du å delta på festmiddag 19.11.?
3-rettars festmiddag kostar 445 kroner per person, og den betalar du direkte til hotellet.
Har du allergiar vi må ta omsyn til?
 *