Dansefest: Vegar Vårdal trio

I fem timar denne laurdagskvelden kan du danse til Vegar Vårdal (fele) , Håvard Ims (toradar) , Åsmund Reistad (gitar, mandola, m.m.) sitt energiske og leikne samspel. Det blir økter med leia turdans og songdans med Marianne Dahl og Torill Schinstad i tillegg til økter med runddans og bygdedans. 

Kaffi og kaker er inkludert i inngangsbilletten.

Dansefesten er i samband med landsmøtet til Noregs Ungdomslag, men er open for andre enn landsmøteutsendingane.


Adresse: Nordahl Bruns gate 22. Dansefesten tek til kl 20.00. Pris: NU-medlem kr 100.- Ikkje medlem kr 200.- (landsmøteutsendingane har fri inngang, og treng ikkje melde seg på)

Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.